Liebe Leser,
dies ist eine Stellenanzeige, die jedoch nur für Norweger bzw. Forumsbesucher die norwegisch sprechen, interessant ist.
Freelance/fri-medarbeider/sjølvstendig konsulent
Til teikning av utleieavtaler med private feriehuseigare
Norway-Fjordhytter er eit utleigeselskap for feriehytter/-hus til i hovudsak tyske turistar. Vi har eigne hytter og formidlar fortida 53 objekt.
Vi har dei siste åra auka vårt tal utleigeobjekt betrakteleg.
No ynskjer vi å veksa meir. Vi vil bli enda betre både mot utleigar og kundar og ynskjer å få enda fleire ferieobjekt i porteføljen vår.
Difor vil vi no kome i kontakt med deg som har lyst til å være med å gjera Norway-Fjordhytter større.
Ditt arbeid vil være å koma i kontakt med hytte-/huseigarar som ynskjer å leige ut til tyske turistar. Du vil informera, bistå og fylgja huseigar fram til teikning av avtale. Du skal dessutan utarbeida eit grunnriss og ein kort tekst om objektet, og ta bilete i sumarhalvåret. Når avtalen er i hamn, vert kontakten med feriehuseigaren i hovudsak overteken av vårt kontor i Tyskland som du har tett samarbeid med.
Norway-Fjordhytter er kjent for feriehus av høg kvalitet som regel plassert nær sjøen på Vestlandet. Våre kundar er både familiar og par i høgsesongen og fisketuristar i lågsesongen. Det er difor ein viktig oppgåve for deg å gi feriehuseigaren råd om forbetring av deira utleigemoglegheit.
Me ser etter deg som er interessert i ein spanande ekstrajobb der både løn og innsats vil variere ut frå både årstider, etterspurnad og ditt eiga engasjement.
Om du beherskar tysk er det flott, men vi snakkar alle norsk. Du må være glad i å snakke med folk, vera oppsøkjande og omgjengeleg, og fleksibel i forhold til arbeidstid.
Løn vil vera og/eller etter avtale samt bonus ved x antall kontraktar.
E-post: info@norway-fjordhytter.de
Jetzt mitmachen!
Sie haben noch kein Benutzerkonto auf unserer Seite? Registrieren Sie sich kostenlos und nehmen Sie an unserer Community teil!